i storm og stille

Tuesday, December 20, 2005

dei siste dagane har vi vore ivrige julekortskrivarar. i julekorta til dei beste vennane våre har vi putta ein heilt fantastisk samlecd. den er full av filip, aasen og christel sine favorittar. resultatet er ein cd like bra som nick cave sin rosa let love in. vi ville ikkje avsløre kva slags artistar som medvirka, men her får de nokre av dei. fritt etter hukommelsen.

alan edwall, tom waits, nick cave, sufjan stevens, jolie holland, neil young, elton john, roots, bright eyes, sophie zelmani, ryan adams, britta phillips, dean wareham, antony and the jonssons.

det må vere dette som er namedropping?
dei som får cden bør bli glade, alle dei andre burde vurdere ei rosa bestilling...

Monday, December 12, 2005

TIDENES BESTE FESTSPEL

onsdag 21. - søndag 25. juni 2006 skal olaug nilssen, eg og fleire hundre andre lage tidenes beste festspel i ørsta og volda! programplanlegginga er allereie godt i gang, informasjon vil de etter kvart finne både på bloggen og på www.aasentunet.no

det er s0 kjekt å ha noko å glede seg til no når det er så mørkt og kaldt. det er altså berre å sette av datoane, - og s0 kan de glede dykk!

Sunday, December 11, 2005

Eg skal lage link i teksten. Eg skal linke til Mari. Ho er så flink til å synge og slår Mariah C ned i sjøstøvlane kortid som helst. Helsing Filip.

Friday, December 09, 2005

en lycklig mann

dette er Kekke. leiaren for NMF aksjonen. og medlem i NFF. Kekke vart 40 år i sommar, og då skreiv han på bloggen sin; - i bland så är jag bara en lycklig mann! dette likte eg så godt. det er ikkje alle som er like happy med å vere ferdig med halva livet, men Kekke har definitivt gnisten framleis! kanskje er det på grunn av den fine dama han fann på Gotland?

Thursday, December 08, 2005

eldre menn

eg har alltid hatt ein stor kjærleik for eldre menn. mange synes kanskje at det er rart at eg er kjærest med filip då, men min kjærleik til eldre menn går til dei som er 70, eller aller helst enda eldre. di eldre, di betre!

det eg saknar med å jobbe på nynorsk kultursentrum er at det er alt for lite eldre menn her (bortsett frå Aasen sjølv då). det som var så kjekt med å jobbe på sjukeheim var at det var så utruleg mange eldre menn der. no må eg finne alle desse eldre mennene utanfor arbeidsplassen. eg må bruke fritida mi til å finne desse mennene. dette er ikkje alltid like lett, men så langt har eg tatt i bruk desse metodane:
1) eg går på revmatikersvømming ein gong i veka
2) eg sit aleine på bakeri
3) eg har meldt meg inn i trekkspel og toraderklubb
4) eg les bøker om eldre menn
5) eg helsar på alle eldre menn eg går forbi. her ein kveld skjedde dette:
C: hei hei...
Eldre mann: kjenner me kvarandre?
C: Nei, det gjer me ikkje. eg berre helsar eg.

Saturday, December 03, 2005

problem for dei gravide

eg har ofte fått kompliment fordi eg er er god på å kjøpe jakker. eg har faktisk fått så mange kompliment at eg trur på det sjølv - eg er god på å kjøpe jakker! eg har til og med vore konsulent for opp til fleire jakkekjøparar.

no har dette også endra seg. den veksande magen gjer at nesten alle jakkene mine er for små. dei som framleis passar, er sjølvsgat dei styggaste jakkene. eg går i butikkane som vanleg, ser på jakker som vanleg, men no finn eg altså ikkje ei einaste fin jakke for store magar. konklusjonen er at eg lett kan bli den som er veldig dårleg på å kjøpe jakker.

(eg er sikker på at det er mange gravide som kjenner seg igjen i dette, og det er jo alltid godt å vite at det er fleire i samme "jakkebåt"...

PS: Filip er veldig god på å kjøpe sko.

Thursday, December 01, 2005

Bachelor nr. 1 - FILIP

det har seg slik at eg er litt eldre enn filip. i starten var det litt flaut, no er eg berre nøgd med at vi statistisk sett vil leve omtrent like lenge. kvinner blir som kjend eldre enn menn.

at eg er eldre enn filip betyr ikkje nødvendigvis at eg har kome så mykje lengre enn filip. verken psykisk eller fysisk. i dag har altså min yngre mann teke sin siste eksamen i musikkteknologi. no er han ein musikkteknolog. og det ein heil månad før eg er ferdig med min bachelorgrad i kulturprosjektleiing. det er litt bittert, men:
1) eg har i alle fall jobb
2) det at eg har jobb betyr at eg i utgangspunktet har pengar
3) det er ikkje alltid det er graden som er viktigast. reknar vi studiepoeng har filip langt att før
han er på min "alder"...

Grattis unge mann!