
i helga var vi heime på garden. pappa og svigerfar var i skogmodus. tømmer for 20 000 skulle ned til bygda. sjølvsagt vart filip utsett for nye svigersonprøver: traktor, motorsag, kapping, kvisting, vinsjing. sjølv laga eg eit vinterbål og koka kaffe og kakao. eg var stolt der eg satt og såg på kjæresten min og far min jobbe så godt i lag. og det var deilig å få bekrefta atter ein gong at det er på garden eg vil bu. så får det heller vere at pappa måtte be filip prøve andregiret på traktoren, det kan visst slite på traktoren om ein køyrer i førstegir heile tida...
5 Comments:
Godt, godt.
Vi er heldige som veit kvar vi høyrer heime. Heldige.
Vi hører hjemme i et traktorsete. Dessuten hadde jeg traktoren oppe i tredjegiret til slutt.
wow. Eg er imponert, Filip!
Det er sant.
Høg eller lav-gir?
Massey, eller?
Eg har Massey. Tøff.
På Sjursgarden går det i Zetor. Den er akkurat passe tøff. Ikke for stor og brautende, men nok krefter til å skremme både askeladden og trollet. Når vi tar over får den til og med CDspiller. Tenk å høre på Sonic Youth mens jeg brøyter.
...
Post a Comment
<< Home