kjendismiddag på lesja
filip og eg hadde vår første offisielle date i august 2004. vi møttest på lesja. der har familien siem ei hytte og ein båt. filip seier at eg alltid vil prate om lesja, og det er sant. det er fordi filip gjorde ein del flaue ting som det er artig å erte han for.
i pengboka mi såg eg i dag eit nytt, småflaut minne frå lesja. i mangel på noko å prate om laga vi ei liste over 5 norske kvinner og menn vi gjerne ville ha eit middagsselskap med.
kara: kongen, harald eia, kåre willoch, erik bye og jon michelet.
tause: liv ullmann, ellen horn, anne c vestly, cathrine sandnes og kari bremnes.
eg trur ikkje det er ein einaste nynorskbrukar på denne lista. det var bra eg ikkje missta denne under jobbintervjuet, men kongen er kul - og vi såg for oss at harald eia kunne sitte på den eine sida av bordet og rope på kari bremnes (som då sat på andre sida av bordet...)

2 Comments:
han kunne jo òg sitja og ropa på erik bye.
sjølv ville eg ropa mykje på kongen.
Post a Comment
<< Home