
i dag har filip bursdag. endeleg er han 25 år. eg har sagt at han har vore 25 heilt sidan eg møtte han for godt over to år sidan. det er bra at bursdagar fins, at vi har denne eine dagen i året som er vår. eg kjenner at eg anstrenger meg litt ekstra då. denne helga fortener filip at både agnes og eg er ekstra greie mot han. i går var vi ute og feira på vertshuset røros. det er ein av seks stader som har fått toppscore i dagbladet sin spiseguide. filip syntes sausen var så god at han måtte blunda kvar gong han skulle ta ein ny bit. han vart glad. agnes og eg har også kjøpt tre gåver. ganske dyrt vart det faktisk, men filip vart glad og det er det viktigaste. no er han på vennefestival. agnes og eg er så snille denne helga at vi tenkte han skulle få litt tid for seg sjølv. vi bestemte oss difor for å ta turen når maten kjem på bordet, det er ikkje før i kveldinga. fram til då skal vi sove, sjå på regnet og tenke på bursdagsbarnet som går ein to timar lang natursti utan regnklede.
1 Comments:
Gratulerer Filip!
Du tek deg uvanleg godt ut i smokk, forresten.
Og sjå Agnes, den søta!
Eg må ta å sende over pakken hennar snart, sidan de har flytta så langt bort.
Post a Comment
<< Home